Om Hakapik 

Hakapik er et kunstkritisk nettmagasin med mål om å utforske og analysere kunstproduksjonen i nordområdene, da hovedsakelig i Nord-Norge og Tromsø.

Hakapik publiserer anmeldelser, intervjuer, kommentarer, essays og fotoserier.

Ansvarlig redaktør er Hilde Sørstrøm.

Følg gjerne @hakapik.no på Instagram og Facebook.

Hakapik utgis av H.Sørstrøm (ENK), Tromsø.

ISSN 2704-050X

Draumen om eit hus og ein hage

Draumen om eit hus og ein hage

Anmeldelse av jubileumsutstillinga til Tromsø Kunstforening – Romssa Dáiddasiida – Tromssan Taitopiiri (TKF): Historie er drømmen om det som kan bli, 11.oktober–21. desember 2025, Tromsø

Historie er drømmen om det som kan bli handlar i høgste grad om «hussaka», meir konkret: bygget i Muségata 2 i Tromsø, renovering av og eigarskap til dette, og den tilhøyrande Muséparken. Sjølve utstillinga har noko litt vel introvert ved seg. Men med tanke på at ein tek opp ei sak som er og har vore på bordet i Tromsø-politikken i omtrent hundre år, er det samstundes eit forståeleg fokus.

Skrive av Åsne Ø. Høgetveit

For ein som fyrst og fremst vitjar utstillingane og arrangementa til Tromsø Kunstforening (TKF), har foreininga sitt mellombelse tilværet i den nedlagte sjukeheimen Hvilhaug framstått som ei spennande kreativ utforsking av potensialet til og tilstanden på offentlege bygg i Noreg.

På Hvilhaug kjem ein rett inn i eit stort rom med kombinert resepsjon og kjøkken. Det er noko ganske anna enn den nyklassiske entreen med den staselege trappa i Muségata 2. Det er høgst ulike verdiar og ideal som er i sving.

Idet eg går inn i utstillinga, som skal markere at Tromsø Kunstforening fyller hundre år i år, er eg derfor nysgjerrig på om eg vil oppleve ho som eit meir introvert, delvis politisk og noko nostalgisk manifest heller enn ei feiring av TKFs verksemd og plass.

Verket Vuossangoahti / Kokegamme (2025) av kunstnar og arkitekt Joar Nango i samarbeid med arkitekt Eystein Talleraas, handverkar Arne-Terje Sæther og kunstnar Marit Bockelie går rett inn i denne tematikken. Verket har to hovuddelar. Det eine er ein avlang plakat med planteikningar og skriftlege forklaringar for Muséparken – parken framfor Muségata 2. Det er fyrst og fremst ideen om ein permanent skulpturell installasjon, ein bruks- og gjerestad, inspirert av samiske byggeskikkar. Dette er eit verk som i både metode og utforming har tydeleg samanheng med Nango og Talleraas’ langvarige utforsking [1] av samisk arkitektur, byrom og det sosiologane Ray Oldenburg og Karen Christensen omtala som “den tredje plassen” (eit offentleg rom der du kjenner deg avslappa og treffer gamle og nye fjes). Den andre delen av verket er ein installasjon på golvet med ein stor bjørkestamme som er delvis kløyvd frå naturen si side – eit påbyrja søyleemne – og ein benk der skisser Bockelie har laga, står utstilt. Den eine skissa heiter Under Bordet og er eit ovanfrå og ned-perspektiv på korleis det ser ut under eit middagsbord. Samspelet er interessant, både mellom dei ulike kunstnarane, som så vidt eg veit ikkje har samarbeidd før, mellom visjon og status quo for Muséparken, og i utforskinga av korleis ein kan byggje gode tredje plassar.

Plantefarga tekstilpanel er sydde saman og heng i ei J-form på to stadar i utstillingsrommet, og på ein benk står glaskrukker fylte med tekstilar, planter og væske. Dette er Fargeprismer fra Naturen V (2025) av tekstilkunstnar Hilde Hauan Johnsen. Som tittelen seier, er verket ein del av eit større arbeid der kunstnaren arbeider med plantefarging som utgangspunkt for å gjere seg kjent med og lære om konkrete stadar og historier. I dette tilfellet er tekstilane farga med planter som reinen et. Eg blir faktisk rørt av verket idet eg går så nære panela som eg vågar, for liksom å sjå punktet der staden og plantefibrane møter tekstilfibrane. Desse elementa av verket har eit så tydeleg opphav, og no lurar eg på korleis det er med den andre delen: den ufarga tekstilen, glaskrukkene? Dei framstår tilsynelatande nøytrale. Og det er i sterk kontrast til dei nøye utvalde plantene, som tvert om formidlar at ingenting er nøytralt.

Verket Jeg var her (2025), som består av eit skulpturelt arbeid av Kåre Alexander Grundvåg og eit ljodverk av Alexander Rishaug, er plassert omtrent midt i utstillingsrommet. 2500 (!) små klumpar av kvit porselen er festa til trådar som heng ned frå ei plate oppunder taket. Dei lengste trådane når ned til golvet. Verket er omkransa av høgtalarar som spelar av stemningsskapande, litt uhyggeleg romstøy, der ein kan skilje ut både trafikk, folk og natur. Grundvåg har 3D-skanna trappa i foajeen i Muségata 2 og laga denne skulpturen. Det visuelle uttrykket får meg til å tenkje på korleis draumar og minne ofte blir framstilte i digitale spel. Men dei ujamne kvite klumpane leier òg tanken min til kvitvaska ryggradsknoklar. Det er spennande å sjå ein så kjent konstruksjon som ei trapp er, på denne måten og artig å lære om prosessen bak verket i utstillingspamfletten. Lyd-elementet er opptak av lyden kring trappa i Muségata 2, utført i seine nattetimar i samband med utflyttinga. Denne delen av verket pregar heile utstillingsrommet, om ein er så heldig å gå der i ei stille stund.

Verket Siirtymäraanu / Flytteteppe (2025) er laga av kunstnarane Liv Bangsund, Maija Liisa Björklund og Inger Emilie Solheim. Eg må innrømme at eg ikkje kjente til omgrepet flytteteppe, men det er altså eit litt grovt teppe, gjerne laga av resirkulerte materiale, som ein kan nytte som underlag eller innpakking i flytteprosessar. Den kvenske delen av tittelen inneheld ordet raanu, på norsk grene. I utstillingspamfletten les eg at verket er ei utforsking av språkleg omsetting og ein del av arbeidet med å finne eit kvensk namn på Tromsø Kunstforening. Namnet vart lansert 30. november og er Tromssan Taitopiiri.

Grena er montert i ein trekant, med kljåane, vevlodda, hengande på. Dette verket heng i eit rom for seg sjølv, og det vesle rommet, med sterkt dempa akustikk, skapar ei mjuk og nærast intim kjensle. All slags tekstilar er vevde inn. Forutan eit felt der eit broderi av eit ungt tre er lagt inn, minner det om ei fillerye. Her er det òg gøymt lydknappar som avslører kvenske ord.

Samstundes med utstillingsopninga lanserte TKF ei jubileumsbok, ein antologi med tittelen Dovenskap, fantasi og fellesskap. Dovenskapen gjev meg ein motstand. Min fyrste reaksjon er at eg likar det. Det er liksom bøllete, litt punk, å lyfte fram som noko positivt det som i stort blir sett på som ein negativ eigenskap i mange kulturar og religionar. Som alle opprør har det eit sterkt element av frigjering i seg. Redaktørane Henrik Sørlid og Camilla Fagerli skriv at det var ein diskusjon om bruken av omgrepet, og eg oppfattar dei som tilhengarar av dovenskapen når dei argumenterer for at det er ein eigenskap som har det saktegåande og dvelande i seg. Ein motsats mot krav om effektivitet og (evig) vekst, beint fram ein kapitalismekritikk (2025, s. 23).

Når eg ser meg kring i utstillinga, tenkjer eg at dovenskapen kanskje òg er i slekt med drøymeri, refleksjon og nysgjerrigheit. Eigenskapar eg ser som djupt skapande, kreative og utforskande. Men dette er ei lesing som går langt i å sameine det opprørske i punken med mitt inntrykk av både utstillinga og, meir generelt, verksemda til TKF. Ordbokdefinisjonen av å vera lat og doven er å vera uvillig til å gjere noko, utan energi og tiltakslyst. Og dette er eigenskapar eg korkje finn att i utstillinga eller i antologien om historia til foreininga. Kan hende treng ordboka ei oppdatering som legg til dei meir positive valørane i å ikkje nøyte seg.

Jau, eg tykkjer nok at utstillinga samla sett er introvert og vel fokusert på Muségata 2. På sitt minst engasjerande saknar eg ambisjonane og visjonane som gjennomsyra den eksperimentelle og tverrfaglege Samlivsutstillinga i 1977, som ein kan lesa om i antologien. For meg er den utstillinga eit viktig element i Historia er drømmen om det som kan bli og eit døme på korleis TKF har vore ein aktør i eit lokalsamfunn som har teke i bruk kunnskapane sine for å skape undring, kunnskap og endring.

På sitt beste maktar utstillinga samstundes å syne både brot og kontinuitet i TKFs hundreårige historie og korleis foreininga heile tida er i ein dialog med medlemmar, kunstnarar, Kunsten, publikum, byråkratar og politikarar. Dette gjer utstillinga mellom anna gjennom å syne så mykje av kva som ligg i ein kunstnarisk prosess, på ein måte som skapar forståing og nysgjerrigheit. TKF, landsdelens eldste institusjon for samtidskunst, lagar stadig rom i tid for tankar om korleis me har vore, er og vil vera i ulike fellesskap.

Kjelde:

Sørlid, Henrik og Camilla Fagerli (red.). 2025. Dovenskap, Fantasi og Fellesskap. Mondo Books, Tromsø.

Fotnote:

1: Nango og Talleraas samarbeider mellom anna i det pågåande prosjektet til Nango, Girjegumpi, og i Fellesskapsprosjektet å fortette byen (FFB). Sistnemnde vart etablert i 2010 av Joar Nango, Eystein Talleraas og Håvard Arnhoff.

100 years of fostering communities and supporting artists in Tromsø

100 years of fostering communities and supporting artists in Tromsø